1

Odd Nordstoga - Fatig ferdamann

Med eit nytt album i beltet dreg Odd Nordstoga i haust ut på ein turne ulikt det han nokon gong har gjort før. I trioformat, med trommer, bass og seg sjølv, skal koronaen trossast og konsertar leverast. På repertoaret er ein bunke nye songar, sjølvsagt iblanda nokre gode gamle.

Me er alle fatige ferdafolk på livsens landeveg, men på ferda høyrer musikken til. I to år har Nordstoga tenkt og grubla, pønska og spikka på det som no er ute som hans siste album "Fatig ferdamann".

Det var ikkje i planen at det skulle koma ein pandemi som snudde opp ned på alt. Og vel har mykje blitt snudd opp ned, men å setje album på vent var ikkje fristande, det skulle koma når det skulle. Låtane som har kome ut i løpet av våren og sommaren har også blitt sjeldant godt motteke og konsertstadene har opna. Kva skal ein artist gjera anna enn å sei – Det er klart det blir turné!

Med seg har Odd to av dei aller største på Noregs musikarhimmel. På trommer Torstein Lofthus og på bass Tor Egil Kreken. Begge fantastiske musikarar med lang fartstid i bandet til Nordstoga, men også kjent frå eit uttal andre konstellasjonar. Snart kjem tre svoltne ferdamenn til din konsertstad. Då er det ingen grunn til å sitja heime. Velkomen til konsert! 

_
_
_